Avslutt tur

1 Industrien

Sjå deg rundt i denne vakre bygda, Stongfjorden. Nesten kvart einaste hus og bygning har spelt ei rolle i ein eller annan industri. Dei formeleg ropar til deg: Eg var hus for arbeidarar! Eg var eit større og flottare hus, for funksjonærar og formenn! Eg var kraftstasjon, eg var folkebad, eg var skule! Og eg – eg var sjølve fabrikkhallen! For rett nok har det vore tallause industribedrifter i Stongfjorden. Frå torvkol og jodfabrikk på slutten av 1800-talet til skipsverft og knivfabrikk. Men sjølve ryggraden i industrien var aluminiumsverket med fabrikkhallen midt i sentrum. I ny innpakning er den no lagerplass for campingvogner og plastbåtar. Men i 1907 vart det faktisk starta opp som det første aluminiumsverket i Nord-Europa. Det engelske firmaet British Aluminium Company, overtok fallrettane til torvkol- og jodfabrikken. Sette i gang med ei omfattande regulering av vassdraget, og bygde ny kraftstasjon. No vart her i stor fart skapt eit industrisamfunn med bortimot hundre arbeidsplassar og alt som høyrde til av tilbod og tenester – bakeri og ikkje mindre enn tre butikkar! Verket var både far og mor for det meste i bygda, inkludert eit Folkets Hus der arbeidarane kunne møtast. Fagforening vart stifta i 1907, men overlevde ikkje og måtte startast oppatt i 1925 – Stangfjordens Elektrokjemiske Industriarbeiderforening. Feiringa av 1. mai – arbeidets dag – var i periodar viktigare i industribygda enn nasjonaldagen den 17. mai. Verket vart overteke og drive av tyskarane frå 1942, då den engelske direktøren Maurice Turner måtte flykte. Men i februar 1945 vart aluminiumsfabrikken lagd ned, og sidan vart den aldri starta opp att. Mange av arbeidarane flytta då til Årdal i Sogn eller Sunndalsøra på Nordmøre – dei nye store aluminiumsverka, som hadde behov for den høgt kvalifiserte arbeidskrafta frå Stongfjorden. Her kunne dei gå rett inn i leiande stillingar i aluminiumsproduksjonen. I 1967 vart fabrikklokala tekne i bruk igjen. Etter fusjon mellom Stangfjord Staal og S&S Helle i Holmedal, kom det i gang produksjon av yrkesknivar og verksemda fekk namnet A/S Helle Fabrikker. Dei hadde om lag 70 tilsette og heldt på til 1997 då produksjonen vart flytta til Holmedal. Fabrikken er framleis eigd av Helle Fabrikker.