2 Baden
No står vi rett ved sida av det gamle kontoret. Dette var administrasjonsbygningen til fabrikken. Bak og til venstre for fabrikken ligg trafokiosken. Den vart bygd i 1928 for å hente straum frå Ålfoten, slik at aluminiumsproduksjonen skulle få stødigare drift. Røyra som du ser til venstre for kontoret var del av røyrgata som frakta vatnet ned til kraftstasjonen. Inntakskammeret og restane etter røyrgata ligg oppe i åsen. Du ser det betre litt seinare på turen. Den gamle turbinen som høyrde til kraftstasjonen er opprusta, og står lengst nede på denne vesle halvøya, mellom elva og kanalen. Det vesle huset, mellom deg og turbinen, var det gamle folkebadet som blei kalla for Baden. På den tida, før 2. verdenskrig, hadde ikkje vanlege folk bad i husa sine, men i Baden var det dusjar med varmt og kaldt vatn, og der var klesskap. Arbeidarane i fabrikken hadde førsteretten til å bruke Baden på vanlege arbeidsdagar. I helgane kunne familiane deira – kvinner og barn – også få bade. Det var nok med eitt bad i veka, meinte folk. Og helst om laurdagen – laugardagen. Baden var bygd heilt i starten – rundt 1910 – for dei som styrde fabrikken meinte det var viktig med god hygiene. Sanitetslaget gjorde eit stort arbeid for reinsemd og god helse i nært samarbeid med den næraste doktoren, som heldt til i Askvoll. Hugs at det kunne bu opp mot 500 menneske i Stongfjorden på denne tida. Lus, lopper og smittsame sjukdomar, som tuberkolose, ramma forholdsvis sterkt bygda. Men samanlikna med andre bygder var Stongfjorden på mange måtar eit velordna og velståande samfunn. Der kom til dømes elektrisk gatelys i 1898 – som ein av dei første plassane i landet! Det vert fortalt at i Florø – den næraste byen – kjende dei folk frå Stongfjorden på at dei hadde to frakkar, ein på seg og ein på armen. Og dei hadde pengar å kjøpe for. Vanlege bønder og fiskarar hadde stort sett svært lite pengar på den tida.
Del