9 Kaia
Det raude bustadhuset, var butikk drive av familien Stafsnes. Det var her ute på kaia det heile starta i 1897 med torvkol og jod fabrikk. Desse store fabrikk bygningane vart rivne på 60-og 70-talet. Kaia hadde ein sentral plass i alle bygder på denne tida. Vegar og bilar fanst jo nesten ikkje. Til Stongfjorden kom det veg til Askvoll først rett etter krigen. Før den tid var det skyssbåten Stangfjord og Fylkesbåtane sine rutebåtar som sørga for samband med verda utanfor. Stangfjord var også sjuketransport til næraste sjukehuset som låg i Florø. No er båten i ferd med å bli restaurert, og skal på nytt finne sin plass i bygda. Eldre stongfjordingar hugsar godt kor rørande og sterkt det var når Stangfjord gjekk ut fjorden med flagget på halv stang og likkister om bord til gravferd. Døden - og havet der ute. Kaia var den staden i bygda der folk og varer kom, og der dei for sin veg. Til kaia kom også det store skipet som var leigt for å ta med flyttelassa til fem familiar som flytta på same tid i 1952 då skipsverftet også vart nedlagt. Malmfrid Stang hugsar godt denne dramatiske og vonde dagen då beste veninna hennar tok farvel og mange fleire vindauge vart ståande tomme og svarte i Stongfjorden. Malmfrid som då var lita jente minnest at ho stod for seg sjølv og gret heile resten av denne vonde dagen. Men livet måtte gå vidare. Nye bedrifter – nye håp - kom og forsvann igjen. Få eller ingen stader på Stongfjorden sin storleik har opplevd så mange oppturar og nedturar i løpet av eitt hundreår. Kanskje har det sett sitt merke på stongfjordingar sitt livssyn. Ikkje resignasjon eller bitterheit, men eit slags nøkternt realistisk syn på den omskiftelege verda vi lever i. Takk for følgjet på denne vesle rundturen i Stongfjorden!
Del