8 Fotball og tennis
Britisk kultur møtte norsk bondekultur i Stongfjorden, og britisk kultur vann. British Aluminium Company ikkje berre bygde og dreiv aluminiumsverket, dei sponsa, støtta og dreiv også fleire fritidsaktivitetar for sine tilsette, ikkje minst idrett. Nokre hundre meter innover i dalen ligg den gamle fotballbana. Og like ved låg skytebana. Fotballbana er ikkje så innbydande no kanskje, men den har ei stolt fortid. Det var nemleg den aller første grasbana i Sogn og Fjordane fylke! Bygd og anlagt av verket i 1920 og arena for mang ein spennande fotballkamp. Laget i aluminiumsbygda var trena av direktøren sjølv, Maurice Turner. Når dei kom heim frå bortekampar om bord i skyssbåten Stangfjord og hadde heist ein fotball i mastetoppen, då visste folk som stod på land kven som hadde sigra og jubelen møtte heltane som steig i land. Maurice Turner var også den som stifta idrettslaget i 1923, og han fekk sett i gang arbeidet med tennisbana som ein ser her - og som framleis er velhalden og i stadig bruk. Sjå for deg dei store augo til ein fattig bonde frå Oslandsbotnen når han for første gong såg voksne menn spele tennis i kvite seglduksko og lyse bukser mens damer i vide hattar serverte sprudlevin i høge glas. Stongfjorden var i sanning ein stad for kulturkollisjonar!
Del