3 Knutholmen
“Hotellet” - den store bua til venstre- var opprinneleg eit sildesalteri. Sildesalteriet låg i første etasje og var eit av dei største saltebuene i vågen rundt 1860-talet. Torstein Lepsøe dreiv i tillegg til sildesalteri, fiskemottak og fiskeeksport, også hotell her. Derav namnet “Hotellet”. Han hadde også ein liten landhandel i eit tilbygg på vestsida av bua. Her var det Audun Røys også dreiv landhandel frå han kjøpte bygget på tvangsauksjon i 1933, fram til dei flytta butikken over i dei nye lokala “Røysbutikken” i 1954. Audun Røys dreiv også krabbefabrikk her i bua. I dag er bua brukt som bolig, og landhandelslokala er museum “Krambua” Knutholmen Torstein Lepsøe eigde også det vi i dag kallar for Knutholmen. Den eldste delen av Knutholmen-lokala var er ei bu som sto i Sandviken i Bergen, som Lepsøe kjøpte og fikk frakta opp hit på 1860 talet. “Bua fekk då namnet Lepsøebua”. Denne bua har seinare vorte kjøpt og restauret av Svein Inge Fosse og er i dag hovuddelen av restauranten. Namnet Knutholmen kjem frå Knut Førde, som bygde den første bua på holmen, Knutbua. I dag er heile holmen utfylt og planert. Tidlegare var det berre ei lita klopp som forbant holmen til resten av øya. Deler av denne holmen kan ein framleis sjå inne på Knutholmen. Ein kan også sjå fortøyningsfestet som står i berget. Denne er av typen Friisbolt og er i frå 1810. Dette er same bolten som er avbilda i Knutholmen AS sin logo. “Slippen” Ein slipp vert gjerne definert som eit forseggjort opptrekk for båtar og skip. Slippen gjer det mogleg å trekke fartøyet frå flytande posisjon og opp på land. Verksemda på denne slippen tok til i 1939 etter at Ingvald Totland flytta den bort hit frå Kalvøya fordi hamneforholda var betre her borte. Det verksemda tok føre seg var reperasjon og vedlikehald av motorar og båtar på slipp. I tillegg vart det laga fiskerullar til line, garn og not. Totland utvikla også ein type som han tok patent på. Denne var tilpassa både line- og garnfiske, og kunne brukast både på kyst- og havfiske. Etter 1956 var det nye produkt som tok over produksjonen. Blant anna starta dei med smijarnsarbeid til offentlege bygg i fylket. Kring 1960 var verksemda i ferd med å endre produksjonen og det gamle verkstadbygget vart for lite, og i 1962 sto nye lokaler klare på Kalvøya.
Del