4 Bedehuset
Prosessen for å få Kalvåg Bedehus bygd vart sett i gang tidleg på vinteren 1910 og huset sto ferdig i 1911. I tillegg til at lokalet skulle nyttast til møter i regi av Indremisjonen, så skulle huset også stå til disposisjon for “fiskere i fisketiden”. Bedehuset har fram igjennom vorte nytta til mellom anna møter, bryllaup, dåp, konfirmasjonar, gravferder, og “fiskarheim” om vintrane. Sjøbuene i Kalvåg er ein viktig og sentral del av identiteten til bygda, noko som har samanheng med den tette relasjonen mellom utviklinga av tettstaden og sildefisket. Nokre av buene har stått her sidan midten av 1800-talet, medan andre er nyare. Desse nyare buene ber likevel tydeleg preg av det estetiske utrykket til dei eldste buene. Eit døme på dette er bua der “Carolas Buaspa” held til. Denne bua vart bygd i 2011, men er tydeleg bygd i tråd med dei gamle buene som står kring vågen. Mange av sjøbuene i Kalvåg er i dag renoverte og vert nytta til overnatting - både privat og til utleige - medan andre framleis vert nytta til å huse båtar.
Del