Avslutt tur

5 Prylestova

Eit særtrekk med buene og dei eldste husa her i Kalvåg er at dei alle har namn. Namna kjem gjerne av kven som har nytta buene, til dømes “Vossabua” som har fått det namnet fordi det var vossingar som eigde bua. Buene og husa har også fått namn etter eigarar. Det mest særeigne namnet er nok “Prylestova”. Pryl er eit dialektord for bank, som i å få bank/ banke opp nokon. “Prylestova” er likevel ikkje eit hus der folk fekk pryl, huset fekk namn etter han som budde der. Paul Frøyen fortel bakgrunnen for dette namnet i boka Frøya og Kalvåg. Historiske streiftog og Fragment av ein barndom: ”For å komme ned på kaia utetter 1900-talet, måtte du gå ned smottet mellom ekspedisjonsbygget og bua. Dette var ein vel 10 meter lang og rundt to meter brei gong - og denne gongen, denne tronge port, vart vakta - for eigaren K. Knudsen - av hans handgangne mann. Der i smottet sto han og krevde inngangspengar, kongens klingande mynt, av alle, store og små. Utan pengar, ingen tilgang. Nåde den som prøvde å lure seg forbi kontrolløren og gå ned på kaia utan å gjere opp for seg. Dei mest forvarpne ungane prøvde seg - for pengar var det smått med, dei trongst dessutan til mangt anna - men kontrolløren var hard og slik ageløyse enda nesten alltid med pryl. Slik vart han heitande “Prylen”.” “Prylestova” var med andre ord huset til kaivaktaren på dampskipskaia på 1900-talet.