3 Messa
Her på denne opne plassen som ser ut som ein parkeringsplass, låg Messa eller Kantina med kjøken og spisesal for arbeidarar og funksjonærar. Her var det også kontor for sanitetslaget som vart stifta i 1936 av Aslaug Turner, frua til direktør Maurice Turner. Her var det tilsett sjukepleiar, løna av bedrifta, som tok seg av pasientar til doktoren kom. Han måtte hentast frå Askvoll med båt, og den same båten, Stangfjord, gjekk vidare til sjukehuset i Florø viss pasienten var alvorleg sjuk. Det vart starta realskule i Messa, men den vart lagt ned fordi det braut ut tuberkolose. I Messa var det også høgfjellsol der folk kunne komme og sole seg nokre gonger i veka. Det skulle vere så sunt, for i Stongfjorden er sola borte fleire månader midt på vinteren. Messa hadde også toalett med vassklosett noko som folk på bygdene knapt nok hadde høyrt om på denne tida. Men her i aluminiumsbygda var det vassklosett i alle nye hus. For ikkje å snakke om elektrisk lys som var vanleg i Stongfjorden frå 1908. Men brukte du for mykje straum, så vart det plutseleg mørkt, for då kobla den såkalla vippa ut lyset til du hadde skrudd av det som drog for mykje straum. Over elva ser de Stongfjorden bedehuskapell. Huset vart bygd i 1908 som bedehus. I 1914 vart kapellet innvigd til kyrkjeleg bruk, og på 70-talet fekk huset kortilbygg og klokketårn.
Del