4 Gata
Huset vi ser her, er restane etter det som blei kalla Gata. Den ser ikkje så mykje ut som ei gate no lenger, men ein gong stod her fem store hus på rad og rekke, ganske like det som står her no. På den andre sida, inn mot bakken, stod det vaskehus og bodar, slik at det faktisk danna ei gate. Eine huset brann ned, men vart bygd opp att litt større enn det som stod her. Småbakkane er eit anna namn på dette området. I kvart av desse husa var det fem leilegheiter. Kvar leiligheit hadde ein jordflekk der dei kunne dyrke grønsaker, frukt og bær, nokre hadde også gris. Det var eit yrande liv med masse folk i Gata. Opp til 80 ungar leikte og slåss, gret og lo her på det meste. Lukk augo og prøv å forestill deg for eit liv og ståk her må ha vore! Alle husa var bygde for arbeidarane og betalte av bedrifta. Også husa i det som vart kalla Villabyen i området sør for Gata var bygde med støtte frå fabrikken. Det var naturleg nok eit visst klasseskilje mellom arbeidarar, funksjonærar, og direktøren på toppen. Ungane helste høfleg – jentene neia – når dei møtte dei fine på vegen. Aslaug Turner måtte tiltalast fru Turner, mens damene i Villabyen vart kalla madam, eller berre ma’m. Ma’m Jensen for eksempel. I Gata budde Småbakkekjerringane mens bondekonene heldt hus på gardane. Dei fine var bokstaveleg talt fine, for direktøren og funksjonærane gjekk kledde i dress, kvit skjorte og slips også på arbeid, mens arbeidarane hadde grovare tøy av dongeri. «Hvilken stilling har du?» var det vanleg å spørje om ein trefte framande på vegen. Men oftast var nok klesdrakta svar nok.
Del