6 Losjehuset
Vi er no på veg gjennom Villabyen bygd på 1920-talet. Her med vakker utsikt ligg Losjehuset , bygd i 1936 av Losjen ”Skålefjell”. Huset frå har fått namnet sitt fordi det vart bygt og brukt som forsamlingshus for fråhaldslosjen i bygda. Misbruk av alkohol var eit stort samfunnsproblem både nasjonalt og også lokalt i bygd og by. Stongfjorden var ikkje noko unntak i så måte. I forbudstida rundt 1920, var omsetning av alkohol forbudt, men då tok smugling og privat brygging over. I Losjehuset vart det halde møte med informasjon og appellar mot rusproblemet, og mange lovde på tru og ære å halde seg borte frå alkohol og vart med i losjen. Kvinnene var, av forståelege grunnar, sentrale i dette arbeidet. Losjehuset var bygda sitt forsamlingshus med 17.maifest og liknande arrangement. Ei kort tid på 50 og 60--talet var her også kino. Her var også barnehage i kjellaren frå 70-talet og fram til 1993. No blir Losjehuset brukt som galleri, og hus for forskjellige kulturaktivitetar.
Del