7 Skulen
I denne kvite bygningen låg skulen som verket bygde og betalte, og som vart opna i 1918. Verket betalte også lønna til lærarane, slik at innbyggarane i Stongfjorden slapp unna med mindre skatt. Til tider gjekk det over hundre elevar her. Frå 1993 flytta barnehagen inn frå Losjehuset. Skulen vart lagt ned i 2013, men barnehagen er her framleis. Det kvite murhuset ved sida av skulen var bakeri, bank og telegraf. På den andre sida vegen, litt lenger nede står eit stort, grønt hus – dette var Samvirkelaget. Og endå lenger ned, rett før ein kjem til elva – ligg eit lysebrunt hus med store vindauge. Det var post, bakeri og butikk. Så dette var handlegata i Stongfjorden! Her har det vore eit yrande liv med butikkar på begge sider.
Del